Tilbake

Medan Licinius var keisar over dei austlege regionar i Romarriket (307-323), braut han med Konstantins påbod om å gjere kristendomen lovleg, og forsøkte utrydde kyrkja frå sine landområde.  Kommandanten Agricola i den armenske byen Sebaste hadde 40 kristne i sin livgarde.  Forgjeves baud han dei å ofre til dei romerske gudane og å overtale med lovnadar og tortur.

I fengslet medan dei venta på sin lagnad, høyrde dei Gud tale om at den som held ut til enden, skal bli frelst.  Om morgonen kom dei ut av fengslet syngande Salme 54 som dei pleide når dei gjekk i kamp.

 

 

Som straff vart dei plasserte nakne på ein frosen innsjø utanfor byen.  Eit varmt bad på stranda frista dei heile natta.  Berre éin gav etter men vart erstatta av ein soldat som heldt vakt og slutta seg til dei.

Dei overlevde natta på isen, men vart neste dag torturerte til døde.

 

“Frels meg ved ditt namn, Gud, og
hjelp meg til min rett med di kraft!"

                                           Ps 54,3

 

"Alle skal hata dykk for mitt namn skuld. 
Men den som held ut til enden, skal verta frelst.”

                                      Matt 10,22