|
18.sundag etter treeinig1 |
St. Olav,NKK |
7.okt2007 |
| f. Ottar Mikael Myrseth | ||
|
Mark 12:28-34: Å leva deter å elska
Gud er kjærleik, vert det sagt. Er det muleg å tru det for eit normalt kritisk notidsmenneske? Vi skal elske både Gud og nesten vår, fordi Gud gjer det. Men kan vi bruke Gud på den måten, til å lure oss til å tru at verda er bygd på kjærleik? Når erfaringane våre elles vitnar så sterkt om det motsette?
Vi har venar og foreldre som er blitt sjuke, fått kreft og parkinson. Vi har barn som er blitt separerte og skilde. Familiemedlemar som er komne på skråplanet. Vi som får daglege dosar av korleis folk på andre kantar av verda lid. Om folkemord i Afrika og militærdiktatorisk undertrykking i Burma berre for å nemne noko nærliggande. Det er lett å tru på Gud når du er ung, kvit, frisk og rik. og når alt 'går så meget bedre'. Men ingen kan underslå at uendeleg mykje av det som skjer i verda, ikkje heng ihop med trua på at ein kjærleg Gud held si hand over henne. Tragediane er for mange. Og erfaringane våre ser ut til å utelukke at menneska er omslutta av godleik og kjærleik. Kva skal vi tru då?
Vi har faktisk det alternativet å satse på at det som kan registrerast og målast av erfaringane våre, gir eit dekkande og påliteleg bilete av 'virkeligheten'. Men det er ikkje det einaste vi kan velge. Vi har nemleg også fått ei evne til å gjere erfaringar som overgår det dei fem naturlege sansane våre maktar. Ei evne som går ut over det vår rasjonelle fornuft kan fatte. Denne erfarings-evna vert kalla tru.
Trua er også ei evne til å gjere erfaringar. Når Gud har lagt ned denne evna som eit lite frø i eit menneskehjarte, og dette frøet får næring og omsorg så det veks og slår ut i blomst, då gjer det noko med mennesket sitt bilete av livet og av verda. Verdsbilete, kort og godt. Trua står ikkje imot fornuften, men ho kan heller ikkje underleggast fornuften. Ho gjer eigne erfaringar, og må tillatast å supplere eller korrigere fornuften. Når tru og fornuft ser ut til å motseie kvarandre, skal du prøve å sjå livet og verda frå trua sin synsvinkel. Då skjer noko med eit menneske. Då får det vesle frøet den næringa det treng. Då er det nemleg Guds synsvinkel som kjem inn i biletet og får rom.
Trua hjelper eit mennske til å sjå korleis tilveret heng ihop som ein stor heilskap. Ikkje berre dei små brøkkane som fornufta vår og som sanseerfaringane våre kan gjere. Men slik Gud ser livet og historia. Sett frå Guds synsvinkel heng slike ting ihop som vi ikkje utan vidare ser samanhengen i. Liding, urett, meiningsløyse – dette og meir til kan med trua sine auge, dvs. med Guds syn, bli små bitar i ein mosaikk som er mykje større og som er vakker, fredfull og trygg. Trua lærer eit menneske at der er kjærleik bakom alt og over alt. Sjøl om der er masse som skyggar for han.
Den som får auge på dette, kan sjøl begynne å elske. Er det naturleg å satse livet sitt på det å elske? Er det fornuftig å elske eit anna menneske? Ikkje viss det er fornuftig å skulle tene pengar på det du gjer, eller skulle sikre seg konstant lykke gjennom det du gjer. Alle som har prøvd veit at kjærleik er eit svært usikkert prosjekt. Mange har prøvd seg og brent seg. Dei vil seie at kjærleik er noko du kan ta skade av. Det kan fornuft lære eit menneske.
I det gamle Israel sa dei fram ei dagleg trusvedkjenning som vi fekk lest: «Høyr Israel, Herren vår Gud, Herren er éin; og du skal elske han.» Tenk om det fekk korrigere oss fornuftige, avislesande, dagsrevytittande notidsmenneske. Dette er ikkje dagsnyttopplesaren sitt perspektiv. Men Herrens perspektiv. Herren vår Gud, Herren er éin, Han elskar alt det Han har skapt. Og Han har lagt kjærleiksevne ned i alle levande. Det vert aldri meldt om det i dagsrevyen. Det er berre dei som trur, som veit det. Dei som let trua få korrigere seg. Både fornuften og kunnskapane og erfaringane våre vert korrigerte når dei tek inn over seg at bakom alt fins guddomeleg kjærleik.
Resultatet av ein slik kurs-korrigering er at eit menneske sjøl vert sett istand til å elske. Trua som Gud gir i gåve til dei som tek imot henne, er nemleg den evna som set oss istand til å ikkje berre sjå det Gud ser, men også å elske slik Gud gjer. Kjærleik startar gjerne med eit blikk. Spør deg sjøl kva du ser i medmenneska dine. Ser du bereknande, usympatiske konkurrentar? Eller ser du små slektningar av Gud, skapte slik at dei liknar på Han?
Det blir sagt at det er stor forskjel på rik og fattig, på høg og låg, på vakre og mindre pene, på unge, ambisiøse og eldre, resignerte. Men ingen av desse skilnadane er betyr noko. Det einaste som tel i eit menneskeliv, er om det mennesket har bevart kjærleiksevna. Det gjer ein enorm forskjel for livskvaliteten til eit menneske. Den som har latt Guds perspektiv gjennomsyre augene sine og tankane sine, vil kunne vere istand til å sjå i eitkvart medmenneske ein som er verd å elske. Det gjer utslag på trivselen i ein heim, på ein arbeidsplass, i eit nabolag, i ein familie osb.
Og det startar gjerne med at ein har lært seg å gjengjelde kjærleiken til Gud. Herren, vår Gud, Herren er éin, og du skal elske Han av heile ditt hjarte, heile di sjel og alt ditt vit og all di makt. Då vert det nye dagar i livet ditt. Både hjartet, sjela, fornufta og kreftene som bur i deg kan få korrigert kursen sin. Når du slepp trua til der fornuft og tankar og erfaringar først har sett berre urett og hat og liding og fortviling. Når fornuft og tankar og erfaringar har rive ting frå kvarandre, så alt vart stykkevis og delt. Då er trua istand til å setje dette stykkevise og delte saman til ein mosaikk som viser eit vakkert bilete. For bakom står Herren Gud, Han som elskar verda så høgt at Han t.o.m. gav einaste Sonen sin som eit sonoffer for dei som mangla kjærleiksevna.
Han kan lære fragmenterte og forvirra menneske til å elske slik Han gjer det og så dei kan leve l
til ære for Faderen og Sonen og Heilaganden som var, er og blir éin sann Gud frå æve til æve.
|
||