Til prekener

 

 10. s. e. pinse 

 17.8.2003  NKK, Misjonshuset, Spjelkavik

 

 F. Ottar Mikael Myrseth

 

Matt 25,14-30:  DU SKAL IKKJE SOVA BORT SUMARNATTA.

"Heilage Far, helga oss i sanninga, ordet ditt er sanning."

 

Kva skal eit menneske gjere med livet sitt?

Gud gjer skilnad på folk. Somme blir stadig forundra over det. Men evangeliet i dag har igjen sagt det. Gud gir ikkje alle menneske ti talentar. "Leiet er forskjellig," syng Prøysen. Men dermed er også fallhøgda ulik. Kor vel utrusta du er, har ingenting å seie for kor lukkeleg du kan bli. For Gud spør ikkje etter kor rik du var eller fattig i livet, men etter kva du gjorde med det du fekk. I livet ditt har Gud etterlate seg både det du treng for å leve og Han har gitt oss arvesølvet sitt: Si heilage Kyrkje med det høgverdige evangeliet og dei heilage sakramenta.

 Når Gud ein dag kallar oss inn til si store vareoppteljing, er spørsmålet: Kva venta Gud i gjengjeld?

 

Gud har ein plan med livet ditt

Under og bak dette ligg ein løyndom vi må få tak i for at livet skal falle på plass. Løyndomen er denne: Du er kalla av Gud, for Han har ein plan med livet ditt.  'Før verda vart skapt,' la Gud denne planen, seier Efesarbrevet. 'Før verda vart skapt … har han etla oss til å få barnekår hjå seg.' Gud har tenkt ut at du skulle bli hans barn og få ein plass i hans store familiehushaldning.

 Når Gud skapte oss menneske, gjorde han det ikkje berre for at vi skulle leve nokre år på jorda som ei biologisk og psykologisk maskin. Livet vårt var meint til meir enn å gå i rute mellom jobben og RIMI og kjøkkenbenken og soveromet. Gud meinte meir enn utdanning og jobb for deg. Gud la ned i hjartet ditt eit guddomeleg gen. Han gjorde deg til si slekt, med evne til å ane at det jordiske ikkje er nok til å tilfredsstille mennesket på djupet. Gud gav det kropp og sjel, men også ånd.  Kropp, sjel og ånd.  Utan alle desse tre er menneskelivet ikkje heilt, men haltande. Ånda i mennesket er det som kan opne seg for Gud. Menneskeånda er istand til å romme Gud. Vi kan gripe Gud, ta imot Han, høyre Han, tilhøyre Han og fasthalde at vi er Guds barn. Å leve livet sitt med berre kroppen og sjela i funksjon, er å avkorte det, gjere det fattigare og mindre og stusselegare. Gud har ein høgare plan med deg.

 'Du gjorde han lite ringare enn Gud,' seier salmisten om mennesket (Ps 8). Dette er meininga med livet vårt: Skapte av jorda, men for at vi skal romme himmelen i livet vårt og gripe Gud med ånda vår. For vi tilhøyrer Han. Her startar Guds plan med livet ditt.

 

Truskap kostar

Jesus kallar den gode hushaldaren ‘trugen’. Der er ein djup samanheng mellom tru og truskap, mellom å tru og å vere tru. Det er lett å skifte standpunkt. Men berre ei tru er viljug til å ofre seg. Eit standpunkt er gjerne på høgde med situasjonen. Men ein truande kan som Peter bli nøydd til å gå utanfor og gråte bittert. For å skifte standpunkt, er nærast som å prøve ein ny innfallsvinkel til ei sak. Men å svikte trua er eit svik mot Han du trudde på.

 Difor er det eit kjennemerke på truskapen at han heller ikkje bryr seg om korvidt han innkasserer kortsiktig gevinst. Trua veit at det ikkje er det som betalar seg fyrst, som er mest verdifullt. Trua krev truskap uansett om det er medbør eller motbør. Difor er trua i motgangstider ei god ballast i eit menneskeliv. Trua avviser all feighet. Trua veit at offeret betalar seg - til sist.

 Truskapen veit at sjøl om svindel, korrupsjon, svik, løgn og feighet gir gevinst, oppslutning og forteneste, så endar likevel dette triumftoget ubønnhørleg i fortaping. Uansett kva den smarte, den politisk korrekte, den lure og veltilpassa kan drive det til, så vil det i all æve vere den trufaste som ber den gode hushaldaren sitt adelsmerke.

 Truskapen kostar. Og til større sjansar der er i samtida til å hauste gevinst, til meir kostar truskapen.  Truskapen er kostbar i  velstandssamfunnet med så mange høve til å skaffe seg eigen velstand, og i mediasamfunnet, med så mange høve til å verte godt likt av alle.

 

Gode råd for vår tid

Korleis skal ein truande bli lukkeleg i vår tid? Eg har ikkje ei ferdig oppskrift for alt og alle. Men eg har tre konkrete tilskundingar. Til ulike tider kan det krevjast ulike ting av gode hushaldarar. I vår generasjon vert vi sette på prøve i alle fall på desse tre områda:

 

Å forvalte og ikkje forbruke.

Det fyrste gjeld hovudfreistinga for ein hushaldar. Gjennom heile livet er han freista til å bli konsument. Til å ete maten og nyte livet som noko han sjøl har skapt. Til å ta det daglege brød for gitt og ete det utan bordbøn. Til å forbruke. Men forvaltaren vil ikkje slå seg til ro med farge-TV’n, skinnsalongen og utegrillen. Han riv ikkje ned løene sine for å gjere større lagera sine og kontia sine og garasjene sine og skapa sine. Han slår seg heller ikkje til ro med at han er så evneveik at han er utan ansvar. Men han tenkjer alltid: Kva vil Herren min at eg skal bruke tida og kreftene og pengane og ressursane mine til. I våre dagar er forbrukar-mentaliteten slått opp som plakatar på alle lyktestolpar og som flimrande bodskap på alle TV-skjermar. Difor vert ein god hushaldar godt synleg i terrenget. Han vil alltid vere annleis. 

 

Å representere det heilage.

Den andre påminninga for det velståande, moderne mennesket i vesterlanda er at ein god hushaldar representerer det heilage. Vår tid vil gjere alle dagar til kvardagar, vil jamne ut alle høgder i livet, fjerne all skilnad mellom Gud og menneske. I ei slik tid må hushaldarar gjenreise agen for det heilage og Den heilage. Det startar på søndagen. Ein trugen hushaldar held kviledagen i hevd, dvs. feirer gudsteneste.  Å la det vere, er synd.  Den som sover på søndag, synder, nemleg. For ein katolsk kristen er søndagsmessa ei plikt.

Denne agen for heilagdom vil følgje eit truande menneske gjennom heile veka. Gud er Gud også på måndag. Kvardagskristendom er bibelsk kristendom. «Vi bukker ikke så dypt her i landet. Til det er det for bratt,» sa Rolf Jacobsen. Det viser seg når du kjem inn i ei kyrkje, når du står ansikt til ansikt med Gud i kveldsbøna, når du er på ein heilag stad, når du les i den heilage boka. Den som har Den heilage for auge, bukkar litt djupare enn det som er vanleg her i landet. T.d. tilår vi her i høgmessa å bøye seg når vi kjem til orda om Jesu unnfanging og fødsel i trusvedkjenninga. At Gud vart menneske, er eit større mysterium enn vi menneske kan fatte. Det er heilagdom som bryt inn i vår tid og våre liv.

 

Å ha god tid til sine medmenneske.

Ein tredje kvalitet ved den gode hushaldar er at han har god tid til medmenneska sine. Dårleg tid er ein stor mangelsjukdom i vår tid. Han viser seg i form av hjarteproblem, einsemd, kulde, avstand, sjølopptekne folk. Folk gjer mykje, men utrettar lite. Ein Guds hushaldar vil i ei slik tid merke seg ut ved å representere Han som har all tid i si hand. Han treng ikkje å haste. Han har tid til å lytte, å besøke, å samtale, å vere til for dei som treng ein neste. God tid er føresetnaden for å kunne vere noko for medmenneske. Berre slik kan vi vinne dei for Gud.

 

Summa summarum:

Alt dette startar her i gudstenesta. Du skal ikkje sova bort søndagsmorgonen. All god forvaltning er djupast sett teneste for Gud. I lovsongen og tilbedinga, bøna og forbøna, Guds ord og sakramenta tener Gud oss og vi Han. Han som har gjort deg til det du er: Eit gjenfødt og elska menneskebarn som Han ofra seg sjøl for. Han har gitt deg innsikt i det gode: At alle menneske må bli frelst og bli del av den kristne Kyrkja. Og til dette oppdraget vil Han bruke deg. Difor vonar Han å finne deg travelt oppteken med å gi skaffe avkastning av det Han har investert i deg når Han kjem att til si store vareoppteljing.

Du skal ikkje sova bort korkje sumarnatta eller søndagsmorgon eller nokon av møtestadane mellom deg og Gud og mellom deg og nesten din,

 

til ære for Faderen og Sonen og Heilaganden som var, er og blir éin sann Gud frå æve til æve.