Til prekener

 

 12. sundag etter pinse 

 Misjonshuset, NKK

 31.aug 2003

 

 F. Ottar Mikael Myrseth

 

Luk 18:9-14: "Längre in i bönens land" i fylgje med farisearen og tollaren.

 Den mykje lesverdige munken Wilfrid Stinissen har gitt ut ei bok med originaltittelen: Längre in i bönens land. (Boka er komen også på norsk). Tittelen kunne også stått som overskrift over Jesu forteljing om dei to mennene som gjekk opp til templet for å be. Forteljinga vert ofte utlagt einsidig til skrekk og åtvaring for folk, og predikanten kjem lett i skade for å misbruke både Jesus og forteljinga hans.

Dei første tilhøyrarane var iflg. evangelisten ei gruppe sjølrettferdige, noko som gir oss ein peikepinn om Jesu tanke. Men lat oss starte med det som Jesus tross alt positivt knyter til: "To menn gjekk opp til templet og ville be. Den eine var farisear og den andre tollar." Så langt alt vel. Jesus polemiserer ikkje mot det. Men i dag er det vel ikkje like sjølsagt? - Den eine var moralsk dydig. Han svindla ikkje, han var vidarekomen i det å halde dei ti boda. Han hadde ein streng fastepraksis og han gav tiende. Det var også vel og bra. Jesus polemiserer ikkje mot det heller. Men heller ikkje det er særleg sjølsagt idag. - Den andre var tynga av sjølinnsikta synd imot Gud. Det er også vel og bra. Men sjølsagt - nei.

 Altså bryr Jesus seg med å fortelje om fleire ting vi treng å høyre og la oss prege av, før vi kjem til punktet om å setje seg sjøl høgt eller lågt. Kanskje har vårt tilhøve til farisearen og tollaren blitt så fargelagt av dei ofte høyrde åtvaringane mot dei, at alt det andre har kome i bakgrunnen - som noko sjølsagt og dermed unødvendig. For slik er det i livet: Det sjølsagte vert etter kort tid til det unødvendige. Dersom det sjølsagte ikkje vert øvd, repetert, påmint, drege fram, opplyst og brukt, så glir det fort den glatte vegen via å vere unødvendig til å bli gløymt.

 Kva er det i vår åndelege praksis som har kome så i skuggen av einsidig forkynning og åndeleg forfall at det har glidd frå å vere sjølsagt til å bli unødvendig og gløymt?

 Jesu forteljing handlar om steg på vegen längre in i bönens land. Det startar med notisen om å gå opp til templet for å be. For ein from jøde som farisearen var og som tollaren ønska å vere, var dette sjølsagt men også viktig. Dei gjorde det av god vane. Det var bønetider i templet. Og det var naturleg at dei truande heldt dei. Vi ser spor av same praksisen hjå apostlane. Peter og Johannes gjekk opp til templet då det leid til bønetimane, fortel Apostelgjeningane.

 Bønelivet var korkje konkurranseutsett eller privatisert. Ikkje overlatt til å måtte konkurrere seg plass på timeplanen til dei truande, men det var avsett tider til det. Ikkje overlatt til å vere ein aktivitet som fekk rom dersom det vart tid. Nei, dette var først og fremst. Så fekk det heller vise seg om det deretter vart tid til noko anna.

 Bønelivet var heller ikkje overlatt til å bli øvd i det private rom. Dei gjekk opp til templet for å be.

Men sa ikkje Jesus at vi skulle be i 'lønnkammeret'? - Jau, men han meinte ikkje med det å vere for seg sjøl, men å vere i seg sjøl. Den som går opp til templet for å be, treng også det indre romet, lønnkammeret, der Heilaganden bur i mennesket og gjer mennesket til eit heilagt tempel. Både farisearen og tollaren samtalte verkeleg med Gud. Det er ikkje sjølsagt. Jesus teiknar bilete av to menn som hadde omgang med Gud. Dei var ikkje tome innvendig. Dei levde ikkje berre for det ytre og på det ytre planet. Gjer vi det? Livet vårt står dagleg i fåre for å bli overflatisk. Menneske som saknar eit indre liv, saknar at det foregår noko i hjartet deira, må først gå inn dit og ta til å leve der. Stinissen seier at første steget er den indre samlinga, "att återvända til ditt hjärta". Det er inga motsetning mellom desse to vandringane, opp til templet og inn i hjartet. Det blir halvt og haltande om den eine vert forsømt. Han nemner stress som ein av dei viktigaste hindra for bøn. Stress hindrar eit menneske i å ta seg tid til å gå inn i sitt eige hjarte. Den som vil gå lenger inn i bøna sitt land, må følgje både farisearen og tollaren. Først inn i det indre romet der samtalen med Gud foregår og så opp til det ytre templet som er ein stad for bøn på jorda.

 Den kroppslege førebuinga til å leve eit liv i bøn, er andre steget längre in i bönens land. Farisearen er eit førebilete for slike som oss. Fastepraksis, eit liv med asketiske erfaringar, eit reint og sunt liv, eit ærleg og ope liv, er viktige steg inn i den gode bønefelleskapen med Gud. Eit slikt liv handlar om reinsing. Ureine hender og føter, eit ureint liv, hindrar eit menneske si bøn. Dei asketiske øvingane har som sitt gode føremål å bu oss til møta med Gud. Akkurat som vi preparerer mat før vi set han fram. Vi mørnar, reinsar, marinerer, krydrar, røykjer, tørkar, saltar, gjærar, destillerar osb maten før vi byd han fram på bordet. Slik også med våre liv. Dei må mørnast, reinsast, tilsetjast smak og lukt for å verte vakre for Gud og velbehagelege. Faste og reinleik, streng observasjon av sansar og handlingar, av tankar og ord, av auge og hjarte skal til for å unngå at livet vårt vert ei hindring for bøn. Jesus åtvarar ikkje mot farisearen sitt liv. Det er moderne hovmot å hevde at vi ikkje treng korkje faste eller øving i sjøldisiplin. Det handlar om tilrettelegging av vegen inn i det indre romet og inn i templet.

 Tienden er også eit viktig steg längre in i bönens land. Også det handlar om tilretteleggingar i livet mitt, om førebuingar som opnar vegen til Gud og ikkje stengjer han. Den som held på alt sitt, som ikkje opnar seg for nesten sin, opnar seg heller ikkje for Gud. Den som samlar i stadig større forråd det han kan fortene seg, vert den rike bonden sin slektning. Men for det åndelege livet har tienda alltid vore avgjerande. Jordbrukaren og husdyrhaldaren i det gamle Israel skulle ofre fystegrøda til Herren. Dei truande skulle etter apostlane sine formaningar fyrst legge til side heime hjå seg det Herren skulle ha, før ein sette igong med eige forbruk. Farisearen er eit førebilete også i spørsmålet om tienden. Tienden hindra ikkje farisearen si bøn, og ho vil heller ikkje hindre di. Snarare tvert imot. Den rike bonden si freisting er stadig overhengande og stor. Den beste måten er fyrst å låse seg sjøl til å ofre til Herren fyrstegrøda. Så kan vi setje igong å definere vår eigen levestandard. Då er vi kvitt ei bekymring som elles vil hindre bøna vår. Dette opnar vegen längre in i bönens land.

 Ikkje berre farisearen, men også tollaren, er ein vegvisar. Jesus gir også tollaren kjennemerke som Han ikkje polemiserer imot. Tollaren er eit menneske sterkt tynga av syndserkjenning. Det vert overlate til fantasien å lure på kva tollaren har gjort. Best er det å bruke nærliggande døme frå sin eigen kvardag. Kva er der i mitt liv Gud ikkje kan kjennast ved? Kva er det som berre nåden kan dekkje over, som det ikkje fins boteråd for, ikkje orsaking for, som ikkje kan gjerast opp for min del? Bøner av tollartypen, fins det også eit umiddelbart guddomeleg svar på. Han gjekk rettferdiggjord heim att, seier Jesus.

 Men noko hindra farisearen si bøn. Ikkje det faktum at han bad. Ikkje at han gjekk opp til templet for å be. Ikkje at han fasta før han bad. Ikkje at han gav tiende. Men at han slo seg for bringa med den motsette konklusjonen av tollaren. Han sette seg sjøl høgt. Han bad djupast sett ikkje. Jesus refererer ikkje noko bøn etter farisearen. Han har ikkje noko å tale med Gud om korkje i sitt hjarte eller i templet. Han talte ikkje til Gud, men til seg sjøl. Han gjorde djupast sett som den rike bonden. Han hadde imponert seg sjøl. Han stadfeste overfor seg sjøl kor fortreffeleg han var. Det rekna ikkje Jesus som bøn. Difor gjenstår ei fornedring for farisearen. Den som tollaren alt hadde teke for sin del.

 Her står også vi. Stemmer det ikkje at det vi slit mest med, er det Jesus ikkje polemiserer mot hjå desse to og som vi har teke for gitt? Det som var sjølsagt for Jesu fyrste tilhøyrarar, er ikkje sjølsagt lenger. Tempelmøte med faste bønetider er ikkje lenger sjølsagde. Moralsk dyd heller ikkje. Ikkje fastepraksis. Ikkje tiendepraksis. Ikkje syndserkjenning. Jesus polemiserer ikkje mot slikt. Men det sjølsagde vert fort det unødvendige. Og det unødvendige går i gløymeboka. Då er dette i den enden vi må begynne for å kunne ta nye steg på vegen längre in i bönens land,

 til ære for Faderen og Sonen og Heilaganden som var, er og blir éin sann Gud frå æve til æve.

  

Ottar Mikael Myrseth

 

Til toppen