|
19. sø. e. pinse II NKK St. Olav, Ålesund 10. okt 2004 |
||
|
f. OttarMikael Myrseth
Mark 10:17-27: Kva kostar evig liv?
Kva kostar evig liv? Spørsmålet dirrar i lufta i møtet mellom Jesus og den rike mannen. Denne mannen, kven han no var, er ærleg driven av eksistensiell naud. Kva kostar det? Kva må eg gjere? Kva må eg ofre? Kor langt må eg gå for å vinne det evige?
Det er det første han skal ha ære av: Han stiller det viktigaste spørsmål eit menneske kan stille. Mange av oss går seg bort allereie her. Vi vert forleda til å stille feil spørsmål. Tenk på t.d. kva som skjer når du skal ut og handle. Kven stiller då berre viktige spørsmål, berre spørsmål etter 'kva eg treng'. Mange spør 'kva har eg lyst på', 'kva fortener eg' osb. Det er spørsmål andre vil få oss til å stille. Reklame er ein måte å lære oss å stille spørsmål: Om rett mote, rett utsjånad, rett lukt og smak osb. Så brukar vi livet på å leite etter svar på desse spørsmåla.
Samstundes går der ein sterk lengt gjennom vår tid, ein lengt etter det sanne, det verkelege livet, det som vert kalla 'reality'. Reality må vi forstå som søkjing etter faste punkt, noko verkeleg, noko verd å halde på, etter det gode, det varige. TV-seriar om unge menneske på jakt etter ekstreme opplevingar i naturen, om ei gruppe som skal meistre det verkelege livet på ein farm, eller folk stua inn i hermetiske samfunn og nærfotograferte frå alle vinklar for å avsløre dei i 'reality'. Kva botnar han i denne umettelege hungeren etter virkelighet? Skal tru om det ikkje djupast sett er ein leit etter sanninga? Menneska hungrar etter den uredigerte sanninga. Kvar er reality så verkeleg at han er verd å satse livet sitt på?
Eg trur vi ser same hungeren i massemedia-interessa for dokumentar-program. Avsløringar, opprullingar, Brennpunkt og Dok 2 og nærbilete frå 'ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu' fører oss nærare den uredigerte sanninga, der verkeleg liv verkeleg bankar. For livet vårt til dagleg inneheld for lite av det sanne og det varige. Kva kan eg gjere?
Uansett kor lenge vi dokumenterer og avslører og redigerer reportasjane med Radio Røynda, manglar det viktige og avgjerande svaret. Når er det eit menneske verkeleg lever? Og kva kostar det livet som er større og høgare og viktigare og meir og lenger enn alt det vi kallar 'virkelighet'? Det spørsmålet dreiv denne mannen som møtte Jesus. Og gjennom århundra har det drive ekte sanningssøkjande filosofar av mange slag.
Det er ganske dristige og farlege spørsmål, dette. Den som har begynt å spørje om liv/død om sanning/løgn, risikerer å få svar som vil forandre livet så det verkeleg merkast. Det var sikkert dette som gjorde at Jesus fekk den rike mannen kjær. 'Dette er ein ærleg mann,' skjøna Jesus. 'Dette er ein lovlydig mann,' tenkte Jesus. 'Ein med høg moral.' Jesus anerkjenner han. Han stiller det viktigaste spørsmålet, det livsfarlege. Difor let Jesus han få 'the real thing', ein 'reality' han ikkje akkurat venta seg.
Men som det er med oss når vi set oss ned framfor TV'n og trur vi opplever 'reality', så hadde ikkje denne mannen gjort seg realistiske kalkyler om kor dyrt det evige livet er. Jesu svar innebar at evig liv kosta meir enn han rekna med.
Det kosta Gud alt å vinne evig liv for oss menneske. Det kosta Gud eit offer, at Han som er gav alt liv, ville gi opp livet sitt for at vi skulle kunne få det. Og evig liv kostar alt for eit menneske som vil vinne det. Jesus seier: "Eitt vantar deg. Gå bort og sel alt det du eig og gjev det til dei fattige." Det betyr ikkje at pengar er noko ugudeleg. Men pengane var for denne mannen livet. Jesu svar er at han må gi opp den 'reality' han hadde satsa på. Virkeligheten er ein annan stad. Du må bli fri frå pengane for å vinne livet, seier Jesus.
Gud unner eit menneske å ha pengar. Han ventar også at eit menneske skal ofre av pengane sine. Men sjøl den som praktiserer det guddomelege prinsippet om å gi tiende av alt han tenar, har 90 % igjen til eiga drift. Nei, Gud er ikkje ein pengehatar. Difor kostar ikkje det evige livet at du melder deg ut av pengehushaldninga og gir opp all rikdom. Men pengane har evna i seg til å bli reality i livet ditt. Då har pengane blitt ein gud. Eigedom har trylleevne. Dei gjer menneske til sine etterfølgjarar. Og då kjem du i konflikt med første bodet.
Dette handlar Jesu svar om. Den rike mannen vert testa på om han ville halde det fyrste bodet. "Gå bort og sel alt det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg." Evig liv kostar at du ofrar det som trengs for å oppfylle fyrste bodet. "Kom så og fylg meg!" Ta dette oppgjeret fyrst. Alternativet er avgudsdyrking. Og ingen avgudsdyrkarar kan fylgje Jesus.
"Det som du festar hjarta ditt ved og som du stolar på, det er eigentleg din gud." Seier Luther i forklaringa til 1. bodet. Det er inga hjelp i ikkje å lyge, ikkje stele, ikkje hore, ikkje begjære dersom du ikkje passerar denne testen. Kva er den reality eg bygger på? Kva er mitt livs viktigaste spørsmål? Kva er det eg festar hjarte mitt ved og stoler på? Er det sparekontoen min? Er det Gjensidige forsikring? Er det ….
Eit møte med Jesus startar ikkje med at eg må utføre noko, men at eg må utlevere noko, nemleg livet mitt. "Du kjenner vel boda?" seier Jesus. Dvs. livet ditt tåler vel å bli utleverte til Guds heilage vilje? Når det er utlevert, seier Jesus likevel "eitt vantar deg." Kva gjer du då? Snur du deg og går sturen bort, som den rike mannen, eller støytt, eller krenka, eller med triumf.
Den rike mannen fekk møte Guds 'reality', Gud som har heile verda i si hand. Der kan vi snakke om 'reality'. Nær Han er det at livet lever. Vi treng møte der vi vert stilt til veggs av nådelaus sjølverkjenning. Møte der Gud får smidd bort alt utanomsnakk, alle unnskyldningar, alle ueigentlege spørsmål, alle usle forsvarsmekanismer. Jesus røkjer oss ut av våre små musehol til eit møte med sanninga. Lever du eigentleg, eller berre eksisterer du og bygg livet ditt på falske forsikringar som aldri kan gi 'the real thing'?
Jesus seier til den rike: Gå bort og sel avguden din. Til deg og meg ville Han kanskje snakke om andre avgudar enn pengar: Gå bort og sel dei krykkene du prøver å bygge livet ditt på. Du kloke, gå bort og sel tilliten til din intelligens. Sats på at du må tru også utan å forstå. Du kjenslemeneske, gå bort og sel stemningane dine. Stol på Gud og ikkje på opplevingar, følelsar. Du engstelege, gå bort og sel bekymringane dine. Stol på at Gud både vil gje deg alt du treng for å leve og for å vinne evig liv. Tru er dristig tillit.
Kanskje vi som er St. Olav misjon her i Ålesund treng å høyre dette. Gå og sel alle bekymringane dine om korvidt vi greier å bygge dette huset. Sel alle bekymringane om at vi også om 10 år kjem til å vere like få her på messene som vi er i dag. Gud vil gi oss dristig tillit. Så dristig at vi ikkje treng feite sparekonti for å kjenne oss sikre, at vi ikkje treng bekymringar, ikkje treng menneskeskapt reality.
Det evige livet er eit kvantesprang. Ikkje av heroisk innsats i livet. Men med å utlevere livet sitt nådelaust til Gud. Han har betalt alt. Evig liv kosta Gud alt. Difor ventar Gud at vi er villige til å utlevere og overgi alt til Han. Evig liv er eit spørsmål om liv eller død. Ikkje noko mindre. Og eit spørsmål om å halde det fyrste bodet. Men det er 'reality',
…til ære for Faderen, Sonen og Heilaganden, som var, er og blir, éin sann Gud, frå æve til æve.
|
||