Til prekener

 

20. sø. e. pinse II   NKK St. Olav, Ålesund    17. okt 2004

 

 

f. OttarMikael Myrseth 

 

Joh 9:1-38:  Omvegen til Siloa

 

 

"Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser," var opningsorda i lesinga frå Hebrearbrevet. Om dei som trudde det dei ikkje såg. Eit heilt kapitel fullt med skildring av menneske som gjorde dristige ting, handla ufornuftig, tok sjansar, gjorde seg til lått for folk osb. For dei såg ting som for andre var usynleg. Dei hadde vissa om ting menneske ikkje ser.

 

Kristendom handlar om dette, å sjå ting folk ikkje ser. Det kallast tru. Tru gir menneske annleis auge, ei forandra synsevne. Her i NKK St. Olav har vi tidlegare brukt den blindfødde mannen og Siloadammen som uttrykk for det som skjer når menneske møter dei heilage ikonane. Desse bileta opnar for det usynlege. Der er ei anna 'virkelighet' enn den vi sansar. 500 år fKr skildra den store greske filosofen Platon det han kalla idé-verda. Idéverda er den mest pålitelege, meinte han. For i sanseverda forandrar alt seg heile tida. Alt flyt. Alt forgår. Men idéverda består av dei formene, idéane, verdiane, forbilda som er fullt utvikla, fullt ut vakre, fullt ut gode, fullt ut sanne. Idéverda er usynleg, og berre dei menneska som strekkjer seg litt lenger enn vanleg, får kontakt med henne, sjøl om det i alle menneske fins ein eros-lengt etter desse idéane.

 

Gud skapte mennesket i sitt bilete og likning. Gud la ned guddomelege løyndomar i menneskesinnet og menneskelivet. Menneska er gitt evner til meir enn det som er innanfor sansane, fornufta og vitskapen sin horisont. Ein av dei store lovnadane gir Jesus oss når han seier: "Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud." Likevel kjem vi alle til verda som slektningar av den blindfødde i Jerusalem (Joh 9). Menneska har pådrege seg synd. Og synda har gjort oss blinde for både det guddomelege og det sant menneskelege. Synda har lukka menneska inn i ei avstengd verd der horisonten er forsnevra og vi krinsar mest og lettast kring vår eigen navle. For denne vesle navlebeskuande egoisten er både det guddomelege og det menneskelege og samanhengen mellom dei stengd. Som det var for den blindfødde ved Siloa-dammen. Nokon hadde synda. Jesus og dei skriftlærde vart ikkje enige om kven. Og Jesus let dei sitje igjen med det spørsmålet.

 

Men der er ein syndeskulda sin trollring, og denne trollringen er det muleg å bryte. Det ville Jesus dei skulle vite, og Han kunne gjere det. Han gav mannen ein beskjed som han lydig utførte. Ein både ufornuftig og pinleg berskjed. Men "mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå," fortel evangelisten (Joh 9,7).

 

Gjennom heile historia har menneska vore på kvilelaus leit etter å sjå og fange og ta vare på det vakre, det gode og det sanne. Platon var ein av dei. Han prøvde å få sine samtidige til å søkje det som er der oppe, det som er utanfor holeopninga, det som dei kunne merke lengten etter om dei berre var ærlege i djupet av sitt sinn. Dei som har sett glimt av slike skattar, har ropt til dei andre: "Kom og sjå!"  Kunstnarar har gjort det, vegleiarar, lærarar, vitskapsmenn, truande og tenkjande. Dei har blitt sjåarar som glimtvis har avdekt løyndomar om himmelen og jorda. Dei har funne Siloa-dammar i livet der menneske har fått vaska seg og blitt sjåande.

 

Ikkje minst gjeld det for dei heilage bileta. Dei har vore auge og vindauge for søkjande menneske. Ikonane har bore den bibelske visjonen av det vakre. Dei har helga heim og kyrkje og halde menneske fast i dei store samanhengane i livet, samanhengen mellom det jordiske og det himmelske. 

 

Legg merke til eit par trekk ved forteljinga om Jesus og den blindfødde.

Mest slåande er Jesu bruk av gjørme-deig. Han smører inn augene til mannen med deig laga av jord. Her formidler Jesus noko grunnleggjande om korleis Gud formidlar nåde til menneske: Sakramentalt. Himmelske krefter verkar ikkje mellom menneska heilt umiddelbart, heller ikkje som mystisk-merkelege rørsler inni oss, men formidla av nåden sine eigne middel. Nådemiddel er heller ikkje spesial-åndelege fenomen, men laga av det jorda frambringer. Gud er opphavsmannen til både himmelen og jorda, og desse sine eigne element brukar Han. Han snur seg ikkje bort frå det som gir jord under naglane, fjøslukt på støvlane og fiskestank av fingrane. Tvert imot formidlar Gud seg sjøl gjennom det Han har skapt. Han brukar tida, jorda, sansane, naturen, augene, øyrene, hendene og munnen. Han brukar brød og vatn og vin og olje og menneskehender. Det fins menneske som trur på ein forfina og steril Jesus, men Han er det vanskeleg å finne igjen i evangelia.

 

Dette er viktig å få med i sitt Jesusbilete. Jesus fører gjerne menneske på omvegar til Gud. Desse Guds omvegar handlar om middel og måtar og menneske. Han vil dra oss ut av våre små jordholer, få oss til å strekke oss mot lyset og tru at der oppe fins noko vakrare, betre og sannare enn alt det vi har sett. Vegen dit vil vi oftast oppleve som ein omveg. Jesus sender dei 10 spedalske til prestane for sjekk. Den blindfødde vert send til Siloa-dammen for vask. Akkurat som om Jesus vil både prøve trua og tilliten deira til Han, og lære dei å bruke slike omvegar.

 

"Så lenge det er dag må vi gjera Hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida. Medan eg er i verda, er eg ljoset for verda." Seier Jesus. Dersom menneska avviser Jesu omvegar, vert dei verande i mørkret i hola si. Omvegane opnar augene for usynlege ting. Den blindfødde måtte bruke middelet for å kome til målet.

 

I oldkyrkja var forteljinga om den blindfødde viktig i dåpsteologien. Liksom den blindfødde, vert alle fødde blinde, forkynte dei. Og dei får synet når dei tek imot Han som Gud har sendt. Det er trua. For det er Han, det er Jesus dei tek imot, ikkje berre gjørmedeigen, ikkje berre vatnet, ikkje berre brødet, vinen, oljen. I dette middelet møter mennesket Jesus sjøl. Og det er nettopp i desse midla Jesus er. Går eg glipp av middelet, går eg dermed glipp av målet. Nådemiddelet er Guds omveg til den usynlege verda.

 

Kva opnar seg altså for den som trur og tek beina fatt på Guds omvegar, til Siloadammen?

 

Tre punnkt kan vere naturleg oppsummering denne søndagen av dette spørsmålet:

 

1 - at sakramenta er guddomelege. Dei 7 heilage sakramenta er dei middel Gud fyrst og fremst har gitt oss. Gitt oss for å halde i ære og for å bruke som vegar dit Gud opnar augene for det usynlege. Det er dåpen og nattverden, skriftemålet og ekteskapet, konfirmasjonen og ordinasjonen, og sjukesalvinga. Sakramenta er guddomelege omvegar til Siloa.

 

2 - at kyrkja er full av den usynlege verda. Her i messa er dei himmelske tinga og dei himmelske personane usynleg tilstade med oss. Helgenar og englar togar inn saman med oss når vi samlast for å feire den heilage messa. Den som har 'vissa om ting vi ikkje ser', ser dei. Dei truande veit at vi er aldri åleine, sjøl om det er ingen å sjå.

 

3 - at ikonar opnar vindauge mot himmelen. Difor ynskjer vi å utsmykke dette kyrkjehuset meir rikeleg med heilage ikonar. Det gjer vi i visse om at dei viser oss det vi ikkje ser men likevel trur.

 

Der er framleis vegar til Siloa-dammen. I den heilage messa er både gjørmedeigen og Siloa-dammen og den usynlege verda. Det gjeld å få augene vaska. Det vil føre til at vi også ser samtida og våre samtidige med nye auge. Det vil lære oss korleis himmelske krefter som når oss, også kan nå våre medmenneske

 

…til ære for Faderen, Sonen og Heilaganden, som var, er og blir, éin sann Gud, frå æve til æve.

 

 

Til toppen