Til prekener

 

 Advent 4 sø I 

 NKK St. Olav, Ålesund

 24.des 2006

 

f. Ottar Mikael Myrseth 

Luk 1:39-45  Adventstida har to portalfigurar

 

Vanskeleg for adventstida å kome til orde med det ho er i seg sjøl. Slik både med menneske og med årstider som har som oppgåve å føre vidare til nokon som er større enn ein sjøl. Adventstida er porten inn til julefeiringa. Det har adventstida slite med. For julefeiringa har lett for å ta all glansen. Ikkje minst i vår tid når julefeiringa har blitt mykje eit spørsmål om julestemning, og advent berre ramma omkring. Det er synd, for adventstida er mykje viktigare enn som så. Det som er meir i adventstida, det lærer vi av dei to personane som står som portal-figurar inn til advent. Vi møter dei begge i evangeliet idag: Døyparen Johannes og Maria. Vi har dei også på altartavla vår nærast Jesus.

 

Om vi tenkjer oss advent som ein portal, så står der figurar på kvar side og vaktar inngangen til heilagdomen. Dei spør kvifor vi vil inn der, og dei underviser samtidig om korleis vi rett kan feire høgtida der inne, og dei to er svært ulike.

 

Den eine er stor og sterk og høgrøysta. Men han er også fattigsleg og enkel, svært lite sjølhevdande, men med ein mektig karisma. Han er som ei klokke ved ein jernbane-overgang. Ho ringer og varslar at no kjem det. Or vegen, for no kjem Han! Gi plass! For Han!

 

Den andre er ganske annleis. Ikkje stor, men lita, vever, vergelaus, ei jente som ventar barn. Ikkje høgrøysta. Ho fér stilt. Ho ser ut til berre å tenkje på det som held på å utvikle seg inni henne. Ho resiterer stilt med seg sjøl: ’Eg er Herrens tenestkvinne.’

 

Felles for begge desse portalfigurane er at dei er svært konsentrerte om kva dei ventar på. Dei ventar ikkje på betre tider, sjøl om det var veldig god grunn til det. Dei ventar ikkje på julestemning eller julebord eller kvalitetstid i juleferien. Dei ventar på Gud. På at Gud skal gjere noko, at Gud skal dukke opp i historia. Dei ventar eit inngrep i historia frå himmelen. Dei er ikkje det minste i tvil om at Gud er istand til det. Dei berre står med opne hender og tek imot det Gud behagar å gjere.

 

Slik er advent ei slag øving i å lære det menneske treng å vite om Gud. Adventsportalen viser kven Gud er. Det som skjer, viser Guds måte:

Han er ein Gud som ikkje forventar at vi menneske skal skape eit fredsrike på jorda. Men Han satsar på ein himmelsk invasjon. Han er ein Gud som ikkje ventar at menneska skal bli gode og rause og snille. Men Han tenkjer seg sjøl å gripe inn og gjere dei slik. Han satsar ikkje på at Redd Barna skal redde barna, men at Han må gjere det sjøl. Han ventar ikkje at Amnesty skal få sett samvitsfangane fri. Ikkje at Unicef skal skaffe mat og opplæring, ikkje at Forsvaret skal verne oss mot fienden. Ikkje at St. Olav skal skape kyrkjevekst i Hatlane. Ikkje at Ottar skal forvandle brødet og vinen på altaret. Men Han har tenkt å gripe inn i historia og gjere det sjøl. Med bruk av menneske.

Guds vilje blir gitt frå himmelen, ikkje ved avstemningar på kyrkjemøte. Det Gud vil vi skal tru, openberrar Han frå himmelen. Det Gud ser at vi treng, rekkjer Han oss som gåver, nådegåver, rettleiing, næring, styrke, oppmuntring.

 

Profeten Johannes kom inn frå øydemarka (ein møtestad for Gud og Guds folk) og proklamerte Guds vilje. Engelen Gabriel vart send ned frå himmelen og forkynte for Maria. Englane lyste opp for gjetarane og rettleia dei om kva dei skulle gjere. Jesus gjekk ikring og lærte opp læresveinane om korleis dei skulle tene Han.

Dette lærer adventstida oss. Dette er viktigaste tida i kyrkjeåret for å lære at i Guds samanheng går meldingane frå himmelen til jorda, frå Gud til menneska, gjennom Guds ord til menneskeliv. Ikkje andre vegen.

 

Høyrest dette sjølsagt ut? Vel, men tenk over om det er sjølsagt i praksis. Er det ikkje slik at i tider då denne adventshaldninga er sterk mellom dei truande, står den kristne Kyrkja sterkt på jorda. Og i tider då det menneskelege sjølmedvitet er sterkare og sjølråderetten står sterktast mellom dei truande, når adventshaldninga er svak, er heile Kyrkja svekka.

 

Lat oss følgje Maria eit par steg lenger. Ho praktiserer adventshaldninga. Ho har lenge lytta og venta på Gud. Heile Marias glede, heile hennar livs innstilling er prega av at ho stilt og fredeleg har lytta til Gud. Når Maria ikkje er ’outspoken’, ikkje høgrøysta eller pågåande, er det ikkje fordi ho er beskjeden eller forsiktig, men fordi kreftene hennar, både kroppsleg og sjeleleg er innstilt på å lytte etter lyden av Hans trinn. Ho er stillfarande fordi ho lyttar.

 

Korleis skal Gud kunne nå oss om vi pratar heile tida, om vi er travle heile tida, fullt opptekne i sinn og tanke og munn og gjerning med det vi sjøle vil, med våre gode formål og våre interesse-organisasjonar? Korleis skal Gud kunne gjere seg forstått om vi brukar all tid og krefter på dei nest-viktigaste ting?

 

Julenatta talar Faderen det evige Ordet. Den som ikkje har tid til å lytte, går glipp av det. Faderen talar sitt ord stilt i natta. Maria føder Ordet i stilla i stallen. Hyrdingane vandrar stillferdig over markene. Vismennene berre stirer etter stjerna på himmelen og fær stilt heilt til dei går feil og endar i den støyande storpolitikken.

 

Maria var oppseda slik frå barndomen. Ho hadde lytta til Guds ord i templet og i synagoga. Men etter Gabriels besøk lytta ho på ein ny måte. No ber ho Ordet inni seg, Ordet frå himmelen var født i henne. Det var denne Marias evne til å lytte til Ordet som gjorde henne til ein muleg reidskap for Faderens frelsesplan. Johannes buldra for å få folk si merksemd. Maria lærte dei kvar dei skulle vente frelsa ifrå.

 

Det er sameleis med oss. Maria er ein av oss. Hennar veg kan bli vår veg. Å lytte til Faderens ord, i stilla, er einaste måten Gud kan gjere seg bruk av oss på. Då kan Ordet bli fødd også i oss.

Men det startar med å elske stilla og øving i å lytte som Maria,

 

…til ære for Faderen, Sonen og Heilaganden, som var, er og blir, éin sann Gud, frå æve til æve.

 

 

 

 

Til toppen