Til prekener

 

 Cantate  5s.i påsketida II

Solstrålen, NKK St. Olav 9.mai 2004

 

f. Ottar Mikael Myrseth

 

Joh 15:9-17: "Kjærleikens arbeidslag."

 

Vår og påsketid fell saman. Våren er våronna og kjær-leiken si tid. Medan bonden gjer sesongarbeid på åkeren, leikar alt levande den leiken som trengs for at livet skal gå vidare. Brunsttid, orreleik, dating, forelsking - der er mange ord for det. Men alt i alt handlar det om forspel til kjærleiksaktene som skal føre livet vidare på jorda.

Dette går også bonden si våronn ut på. Han må stelle med livet, leike med det for at det skal formere seg, det livet som gir mat til dei levande.

 

Både apostelen Johannes og Jesus har talt om den leiken i tekstane for denne søndagen. Vi blir verande i Gud når vi blir verande i Hans leik, Hans kjær-leik, i fellesskapen, i samfunnet, i samhaldet, i samansmeltinga med Han. Vi er utvalde til dette, å vere Guds vener som gjer det Han byd oss og slik ber den frukt Han skaper i denne leiken. Den frukta varer evig.

 

Lat oss nærme oss temaet med bonden sine auge, han som startar ei av sine travlegaste arbeidsøkter denne årstida. Eit vesentleg kjennemerke på menneske er at dei arbeider. Dyra arbeider ikkje. Men menneska planlegg, tilrettelegg og bearbeider naturressursar, utfaldar sin kreativitet og foredlar fram nye resultat. Slik opptrer vi som herrar over naturen og tener kvarandre med det arbeidet vårt skaper. Arbeid er ikkje ei anonym vare vi sel, ikkje berre 'arbeidskraft', men har å gjere med sjølve trua vår. Vi realiserer oss som menneske gjennom arbeidet. Vi brukar gåvene Gud har gitt oss og skaper noko nytt. At mennesket er skapt til å vere Guds bilete på jorda, inneber at vi er sette til å utføre ein del av Guds verk.

 

Dette ser vi tydelegast i messa når vi ved offertoriet bed:

"Velsigna vere du, Herre, all skapnings Gud.

Av din rikdom har vi teke imot det brødet vi ber fram til deg,

 ei frukt av jorda og av mannsens arbeid, som for oss vert livsens brød."

 

Når mennesket er bonde, er samanhengen lett synleg. Bonden og bakstekona sitt arbeid må gjerast for at det skal bli nattverdbrød. Og brød betyr her både brød vi et og levebrød som er alt ærleg menneskeleg strev. Anten i heimen, i helsevesenet, i industrien e.a.

 

Men, som de veit, menneska sitt arbeid vart forbanna på syndefallets dag. Adam må gjere sitt arbeid med møye og med sveitte i panna. Difor sukkar mennesket med rette over kor tungt og fåfengt livet kan vere. Ordet for 'arbeid' i mange språk viser det same: Arbeit (ty) = smerte, utmattelse. Det latinske triplare tyder 'plage', brukt om ein hest som vert bunden for å bli skodd.

 

Dette inneber at arbeidet er krossmerkt. Mennesket er gjort til slave på jorda som straff for synd. Å arbeide er ei botgjering mennesket er dømd til. Jesus sjøl delte desse harde vilkåra i kanskje 20 år som snikkar i Nasaret. Og legg merke til kor venleg og varmt Jesus omtalar arbeidsfolk: Såmannen, gjetaren, vindyrkaren, tenaren, fiskaren, kjøpmannen, kvinna som lagar mat. Apostelen Paulus la vinn på å tene til sitt daglege brød som teltmakar.

 

Men forbanninga som ligg over arbeidet, er heller ikkje siste ord. Når mennesket brukar sine kreative arbeidskrefter, deltek det i Guds skaparverk. Når det gjer bot for synd gjennom det daglege slitet, deltek det i Guds frelsesverk. Og den som er med på Kristi krossveg, får også vere med i forvandlinga som skjer påskedagen. Dagens evangelium, står i det lyset. Jesu siger over dødskreftene påskedag, gir strevet eit nytt innhald. Slitet får meining. Slik må vi forstå Jesus når Han seier: "Eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt som varer." Nattverdbrødet er frukt av bonden og møllaren og bakaren sitt slit. Men når dette brødet vert lyfta opp til Gud i messa og velsigna, vert det forvandla så det kan delast ut som brød frå himmelen, som frelsesmiddel frå Gud, kort sagt som Frelsaren Jesu kropp gitt til evig liv for dei som tek imot og et han.

 

Slik Gud forvandlar fruktene av menneska sitt slitsame arbeid, slik forvandlar Gud også kjærleiken menneska viser. Alt må forvandlast. Vert ikkje brødet og vinen i nattverden forvandla av Gud, vert det berre brød og vin. Vert ikkje kjærleiken oss imellom forvandla av Gud, vert den berre menneskesentrert slit. Kjærleiken som skulle slå an tonen ved kjøkkenbordet, i fellesskapa og i ektesenga vert styrt av egoismen. Den egoistiske kjærleiken sine barn er bitter fiendskap, brutalt begjær, kynisk kjøp og sal. Egoismen gjer oss til rivalar om våre foreldres gunst og fiendar over arven etter dei. Han gjer ekteskap om til skilsmisser, skaper forsømte born i heimane, skaper tenårings-opprør og bitre frukter av brotne relasjonar. For han er smitta. 'Kjærleiken er ikkje det at vi har elska," seier apostelen. "Men Han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre'. Der Guds kjærleik kjem til, forvandlar han menneske og menneskerelasjonar.

 

Den kjærleiken er nåde. Det veks gode frukter av han. Det veks venlege ord, eit godt hjartelag, gåvmilde hender, glede og fred, sosialt ansvar m.m. 'Eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bere frukt som varer.' Desse fruktene veks når Gud har forvandla det menneskearbeidet har skapt.

 

Når livet mitt flyttar inn i Guds familie, i kyrkja, snur det også opp ned på mine forestillingar. Eg flyttar frå den verda der konkurransen rår, der det er om å gjere å bli rik på bekostning av andre, om å gjere å ha ein posisjon fordi eg har fortent det og om å gjere å realisere sine eigne draumar. Der Guds forvandla kjærleik rår, er det annleis. Den som elskar her, gjer det fordi dei andre er gitt til meg av Gud. Ikkje for å tilfredsstille mine behov. Difor er venlege ord og hyggelege smil her utan dobbel botn. All omgang som berre er overflatisk, vert bortkasta. Alle tilnærmingar som er til for å tilfredsstille mine begjær, vender eg meg ifrå. 'Mine born, lat oss elske, ikkje med tome ord, men i gjerning og sanning,' seier apostelen Johannes (1. Joh 3,18).

 

Til kjærleiken høyrer også ein vakker samanheng, ein orden. Bonden gjer våronna si når det er tid og stunder for det. Ikkje når det passar han, men når naturens orden tilseier det. Sameleis med alle kjærleiks-ytringar. Kjærleiken er ikkje eit tomt omgrep som vi kan fylle med det innhaldet som passar oss. Jesus seier tvert imot at kjærleiken viser seg i lydnad mot Hans bod, dvs. den kjærleiksorden som er gitt i Hans bod. "De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk." "Den som elskar meg, held boda mine."

 

Denne orden er ikkje ein menneskeorden, men ein guddomeleg. "På jorda så som i himelen." I himmelen er Faderen hovudet over Sonen. Sonen er fødd av Faderen før alle tider. Anden utgår frå Faderen. Dei er ulike, har ulike namn, har ulike oppgåver og ulik plassering, men dei er ein fellesskap i fullkomen kjærleik. Utan isolasjon, bitterhet, likestillings-kamp, rivalisering, i djupaste samklang og fridom. Dette som vi kan seie om Gud, skulle også vere sant om oss. Vår kjærleiks mål er innpassing i Guds orden som gir einskap i all ulikskap.

 

Slik er kjærleikens under. Sameleis må det vere mellom oss. I ein kyrkjelyd, ein familie, ein bondegard eller kvar som helst menneske er gitt til kvarandre, med ulike oppgåver. Når ulikskapane er helga av kjærleiken, vekkjer dei ikkje rivalisering. Då vert forskjelane rekna som rikdom. Ulike oppgåver, ulike embete, ulik fromhetstradisjon vert bidrag til forventning og rikdom og fylde heller enn tilfang for mistanke og kamp.

 

'Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk.Ver i min kjærleik! Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik Og de er venene mine.' Å leva det er å elska,

 

til ære for Faderen og Sonen og Heilaganden som var, er og blir éin sann Gud frå æve til æve.

 

 

Til toppen