|
EPIFANIA |
Granstemnet, KF |
6. jan 2006 |
|
f. Ottar Mikael Myrseth Rom 12:1-2: Vår offerteneste.
”Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar som eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.”
Det gode livet kjem frå Gud. Og det fører til Gud. Det har sin pris og det har sitt mål og sitt livs-mønster. Det handlar denne teksten om. Der er eit gitt mønster for det gode livet.
Slik er det alltid med Gud. Det er noko gjenkjenneleg i alt Han gjer. Same mønsteret fins alle stader, og her er dette mønsteret: Den som elskar, må ofre. Den som vil opp, må ned. Den som vil fornyast, må omskapast. Den som vil vinne, må forsake. Den som vil leve, må døy. Den som vil bli som Gud, må få eit nytt sinn og ei ny dømekraft.
Jesus seier ”Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.» (Joh 12:23f). ”Menneskesonen er komen for å gi livet sitt.” (Mark 10:45) ”Dette er min lekam, gjeven for dykk.” (Luk 22:21)
Kva skjer nå eit kveitekorn vert lagt i jorda? Jau, då seier Gud: Hokus, pokus, og vips så har kveitekornet blitt til ein heil kornsilo. Bønder veit dette. Jordbrukarar kjenner løyndomen. Det er slik Gud Skaparen gjer det. Såpoteten rotnar og døyr. Hokus, pokus, og vips så har såpoteten blitt til ein heil potetfamilie. Knoppar er skapte for å briste. Skal er der for å knekke.
De må bera fram lekamen dykkar, brør, som eit levande og heilagt offer. De må ofre livet medan de lever. Det er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.
For slik arbeider Gud. Og slik må dei arbeide som vil tene Han. Bak kveitekornet og bak Messias står same Faderen. Hans vilje kan vi spore i naturen og i frelseshistoria. Drivkrafta hjå Han er Kjærleiken. Han elska verda så høgt. Han skapte verda fordi Han elska. Same sporet fins etter Han alle stadar: Den som elskar, må døy. Eikvar ekteseng er ei grav. Den som vil vinne livet, må misse seg sjøl.
Dette er sant, og det er like mykje smertefullt. Det stemmer så dårleg med vår innlærte tankegang. Det vert ikkje halde slike sjølrealiseringskurs i dag. Det motsette idealet tyt ut av alle radio-kanalar. Kveitekornet si lov er på kollisjonskurs med den kalde festmassen sin kultur, som Nina Karin Monsen talte om. Fest er det motsette av forsaking. Forbrukaren gjer livet og gåvene i livet til varer, opplevingar og nyting som skal tilfredsstille hans eige behov.
Kvifor er det så vanskeleg idag å finne nokon som vil stille opp for dei gamle, for dei små, for dei trengande? Kva var det Gud sa: ”Du skal heidre karriera di og lønsstega dine, så skal det gå det godt og du får leve lenge i landet!”
Nei: ”Skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.”
”For det er ved å gi at vi får, ved å tilgi at vi sjøle får tilgjeving, ved å misste vårt liv at vi finn det. Det er ved å døy at vi står opp til evig liv.”
Det mest rare med dette er at dette er det naturlege. Langt inne, inst inne i kvart menneske ligg kunnskapen om at slik er det verkelege livet. Det fins ein heilag analogi. I naturen, i kvart menneske, i Guds frelsesplan. Og som det er med Kristus, skal det vere med Hans etterfylgjarar. ”Lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje,”
til ære for Faderen og Sonen og Heilaganden som var, er og blir éin sann Gud frå æve til æve.
|
||