Til prekener

 

Septuagesima II

Misjonshuset, Spjelkavik, NKK

1. feb 2004

 

Luk 17,7-10:   UNDERHALDNING NOK Å STÅ OPP.

 

”Eg treng ikkje underhaldning, for meg er det underhaldning nok å kunne stå opp om morgonen,” sa Arnold Eidslott i radioen her om dagen. Då er han faktisk nær vingardssundagen sitt hovudpoeng. Vi er invaderte av underhaldning. Den industrien gjer menneske til konsumentar. Vi trur vi treng å bli underholdt. Vi blir gjort uføre i livet for at vi skal eigne oss som forbrukarar av underhaldning. Sitjande der medan det flimrar forbi på skjermen. Ståande på tribunen medan moderne gladiatorar gjer sine kunstner på arenaen. Kanskje t.o.m. sitjande i kyrkjebenken medan presten og diakonen gjennomfører showet sitt ved altaret.

 

Og kva skjer når vi som har hovudet og livet fullt av underhaldnings-tankegang, får høyre slike Jesusord som vi fekk i dag?

Det er grunnleggande skilnad mellom forbrukaren og vingardsarbeidaren. Konsumentar har ein tendens til å bli meir og meir blaserte. Dei er på ein karusell som vert villare og villare. Til slutt krev dei at nokon blir kasta for løvene.

Men den som har underhaldning nok i det å stå opp om morgonen, har enno evna til å takke. Har noko å leve for.

 

Kva handlar dette om?

Vingardsarbeidarane konkluderte etter ein dags hardt arbeid: "Vi er uverdige tenarar som berre har gjort skyldnaden vår." Er det råd å forkynne slikt med krav om å bli teken på alvor i vår tid? Eg har jammen spurt meg sjøl medan eg førebudde meg om eg ikkje må omskrive, nedskrive eller omtolke dette. Dette må vere for harde ord for oss. Tenk på kor slitne folk er etter dagsens slit. Tenk på alle krava som heng over dei. Småbarnsforeldre er utslitne av skytteltrafikken. Tordenskjolds soldatar er trøyttare enn før for dei er færre. Folk vert utbrende før konfirmasjonsalderen i vår tid. Kan ein predikant gjere livet enno tyngre ved å ta bort menneskerettane deira og gjere dei til unyttige tenarar som berre har å adlyde? - Ikkje tenk på deg sjøl! Slit deg ut for Guds skuld!

 

Det er lett å få den bodskapen i vrangstrupen. Er der ein utveg her? Har Jesus ein joker i ermet?

Jesu joker er denne: Nokon held korta opp ned! Anten Jesus eller vi har snudd verdiar i livet på hovudet. Jesus påstår det er vi, og eg trur Han har rett. Det skal eg prøve å (over-)bevise.

 

Fridomen til menneska står her på spel. Sjølbiletet står på spel. Tryggleiken i livet. Menneskeverd og menneskerettar. Slike verdiar tek Jesus fatt i og snur dei opp ned.

 

Det er som om Jesus seier at "det er tryggare å bli eigd enn å eige". Vi tenkjer annleis, opp ned. Vi har masse tryggleik knytt til det vi eig. Det er utrygt å tøme lønskontoen til forbruk kvar månad. Det er utrygt ikkje å ha reservar i banken dersom vaskemaskina eller bilen skulle få stopp på måndag. Med mange variantar av dette, har vi skapt oss forestillinga om at det er trygt med ting.

I forrige århundre vart vi kjende med ei statsform som kalla seg stats-kommunisme. Då var menneska eigde av staten. I århundret før det, var produksjonen i det amerikanske samfunnet bygd på slaveri. Både staten og farmaren kan altså eige menneske. Det same skjer når vi legg tryggleiken vår i tinga vi eig. Der er forankringa for livet vårt. Eit liv kan vere forankra i slaveeigaren si kontrakt, i kommunistpartiet si makt eller i di kjøpekraft. Då er det altså liten skilnad på ein slave, ein kommunist-partimedlem og ein forbrukar.

 

Alternativet er at makt vert bytt ut med overgjeving og ting vert bytt ut med tru. Og Partiet vert bytt ut med Kyrkja. Ein svensk diktar har uttrykt dette slik:

            "Eg er fri som ein fugl men framleis fange og træl,

            eg eig ikkje noko men Nokon har mi sjel."

 

Det kunne dei kristne negerslavane sagt. Tryggleiken deira var forankra ein annan stad enn hjå eigaren. Dei var frie som fuglar sjøl med jarnlenkjer om beina. Tryggleiken deira låg i at dei var eigd, ikkje av slaveeigaren men av Han som hadde deira sjel. Eit liv med ankerfeste gjennom tru, er trygt. Tru og tryggleik høyrer i hop. Dei som lever slik, skjønar Jesus når Han seier at "det er tryggare å bli eigd enn å eige".  Slike tenarar kan vere stolte når dei seier "vi er uverdige og har berre gjort skyldnaden vår." Det var det eine punktet.

 

Så er det som om Jesus seier at 'det er friare å tene enn å bli tent'.

Igjen slår det meg at vi er indoktrinerte med det motsette. Vi har lært at fyrst når du får gjere som du sjøl vil, er du fri. At fyrst når du vert 18 år og myndig og har sjølråderett over både tida di og VISA-kortet ditt, er du fri. Men det skal ikkje mange krisene til i eit menneskeliv, før ein oppdagar at dette er ikkje fridom, men einsemd. Det heilt uavhengige mennesket, som er uavhengig av alt og alle, vert ein einsam stakkar, fastlåst innanfor grenser til sine eigne krefter, si eiga tid, sin eigen fantasi osb.

 

Men du er meir fri om du er ein tenar. Luther har sagt noko klokt om dette: "Eit kristent menneske er den friaste herre over alle ting og ingen underlagt, og samstundes tenar for alle og alle underlagt." Gud har skapt mennesket som den øvste i rang i skaparverket. Herre over alle og med berre Gud over seg. Men Gud har også skapt mennesket til å leve i ein fellesskap, ikkje som streifdyr, men som fellesskapsvesen. Og denne fellesskapen både med kvarandre og med Gud, er ein fellesskap av teneste. Underordning. Kvar av oss har ein plass i Guds hushaldning. Berre på denne plassen kan mennesket vere fritt. I den absolutte innordninga i rekka, aksept av kvar plassen min er i samanhengen, - berre då kan eg erfare fridomen. Alt anna er opprør. Det skaper berre bortkomne søner og døtre. Men fridomen finn den som innser at det er friare å tene enn å bli tent.

 

For det tredje seier Jesus at 'det er sælare å yte enn å kreve, sælare å ofre enn å bruke, sælare å gi enn å ta'. Det er også eit umoderne og politisk ukorrekt standpunkt idag. Dette må vi også lære under motstand.

Likninga om vingarden handlar djupast sett om Guds rike. Men alt menneskefellesskap strebar etter Guds rike. Alle menneskelege lengslar strekkjer seg djupast sett mot Gud. Difor er det hjå Gud vi må leite om vi skal forstå dei kreftene som riv og slit i oss. Og hjå Gud at vi må hente modellane for livet vårt. Guds rike er kjærleikens rike. Der er nåden grunnlaget for alt samkvem, alt fellesskap, all tryggleik. Nådens vesen er slik at du kan ikkje stele han, ikkje røve, ikkje rane han til deg. Nåden blir gitt og teken imot. Og den som blir elska nådeleg, som tek imot noko slikt, vert sjøl av usynlege krefter driven til å elske og gi bort vidare.

 

Også i det harde og kalde samfunnet vi har skapt, fins slike nådens rom. Forbrukarsamfunnet, fridomsidealsamfunnet, kommunistsamfunnet og alle dei andre er annleis. Men i onkel Toms hytte, under jorda til kommunistane fans nådens rom. I slike nådens rom set Gud standarden, der er ubarmhjertigheten borte, konkurransen er avslutta, sjølopptattheten er punktert, hatet er utrydda, krava har stilna. Alt er teneste.

 

Der er eitt stort bilete på dette nådens rom, dette vingardssøndagens ideal: Jesu liv. Overskrifta over Jesu liv må vere teneste og gåve. Han gav alt utan å kreve. Han tente utan å bli tent. Og tenarane Hans gjer som Han ventar av dei. Når dei har gjort si teneste, seier dei: "Vi er uverdige tenarar. Vi har berre gjort skyldnaden vår. For det er her vi har tryggleiken vår. Det er berre i denne tenesta vi er frie. Dette er det gode livet for oss.

 

Nokon har mi sjel; eg har Nokon eg kan vere tenar for; og kjærleiken ber alt.

 

Til ære for Faderen og Sonen og Heilaganden som var, er og blir éin sann Gud frå æve til æve.

 

 

 

Til toppen