12. mars

Gregormesse

 

 

 

Kirkelig vigselsrett i lys av
ekteskapsloven 2008

 

 

Tur til Syria.

 

 

Klar for fastetida?

Fr Ottar Mikael Myrseth

 

Kor lett er det ikkje at fastetida glepp!

At dei fem-seks vekene berre blir borte før du kjem i gang.

Fordi du ikkje hadde eit program for å gjere fasta til noko for seg sjøl.

Dette året kan du i alle fall få nokre råd til bruk i planlegginga. Det startar der.

Det neste er å velge ut eit punkt eller to som du gjer til ditt fasteprogram dette året.

 

 

1. Forsaking er bra. Då merkar også kroppen fastetida. Men forsak ikkje for å vere slank eller sunn. Forsaking gjeld oppøving av den gode viljestyrken.

 

2. Ver konkret. Ikkje prøv å kutte litt ned på alt. Det er lettare å lykkast med det som er avgrensa og spesifikt.

 

3. Ikkje prøv det umulege. Viktigare å lykkast  med gjennomføringa enn å vere idealistisk. Gjer det du kan, ikkje det du umuleg kan greie.

 

4. Det treng ikkje vere mat. Forsaking merkast på mange område. Mennesket er både kropp, sjel og ånd også i fastetida. Språkleg sjølfornekting (nekte seg å seie noko negativt om andre) eller tankefornekting (avsløre misunning, havesykje, begjær hat). Kanskje ei media-faste, ei underhaldningsfaste eller ei selskapsfaste.

 

5. Ta omsyn til andre. Påfører du andre ufrivillige bører eller ekstraarbeid?  Vert familie eller kolleger bundne opp i gjennomføringa av ditt program? Det var ikkje meininga.

 

6. Hugs dei spesielle dagane. Oskeonsdag og langfredag er kyrkjeåret sine hovuddagar for forsaking.

 

7. Tel sundagane med? Sundag er påskedag kvar veke, også i fastetida. Men det vert ikkje alltid lettare å halde programmet sitt dersom ein må starte på nytt kvar måndag.

 

8. Ta på seg ting? Faste er ikkje berre avhold. Faste kan vere å ta på seg ei oppgåve i kyrkjelyden, å gi almisser til trengande, gjere meir ut av bibellesinga eller…

 

9. Kva med ein stille dag? Kanskje i kyrkjelyden, eller berre heime hjå deg.

 

10. Kva skjer når eg mislukkast? Fortvil ikkje. Det er verre ikkje å prøve. Gud har teke imot ufullkomne før. Påska kjem uansett om du lukkast. Og erfaringane dine er uansett verdifulle.

 

11. Skriftemålet. Beste påskeførebuinga er likevel skriftemålet. Kontakt ein skriftefar snarast. Dersom du er nybegynnar, start med ein samtale med ein prest. Ver konkret.

 

12. Lat ikkje regelboka styre alt. Faste handlar korkje om karakterbok eller prikkbelastning. Målet er ikkje å bli flink, men å vandre nærare vår Herre og Frelsar på vegen mot påskedag.

 


Siden var sist oppdatert:
07.03.2010